Den ytre skipsleia med fjelløyene

Kulturhistorisk landskap in Norway

Folk har gjennom fleire tusen år budd og ferdast ved ytterkysten. Her var det sikker tilgang på mat frå fangst og fiske. Kontaktnettet var stort og hovudtransporten gjekk med båt. Dei to hovudleiene vert omtala som den indre og den ytre leia. Å kjenne att leia var viktig. Her ligg mange grunner og skjær som kan vere livsfarlege. I Sogn og Fjordane ligg det nokre markante fjelløyer som er godt synlege på lang avstand, og som har vore naturlege seglingsmerker langs leia: Alden, Tvibyrge, Kinn, Skorpa, Batalden og Hovden. Felles for dei seks øyene er at dei er lett å kjenne att. På Alden kan det høgaste punktet minne om ein hest, jf. namnet Norske hesten. Tvibyrge har to fjelltoppar som er lett å kjenne att. På Kinn er Kinnaklova det særmerkte landskapselementet. Den pyramideforma toppen på Batalden skil seg klart ut. På fastlandet ligg Staveneset med gravrøysene godt synlege frå sjøen. Gravrøysene i området er kanskje dei mest tydelege spora etter forhistoria. Dei er plasserte svært synleg i seglingsleia. Det største gravfeltet i området med 30 røyser ligg på Stavenes i Askvoll og er godt synleg frå sjøen langs den indre leia. På Stavenes er det også funne 11 felt med helleristingar Kinn med Kinnaklova er eit av dei mest særmerkte seglingsmerka langs den ytre leia. Øya har hatt busetnad i svært lang tid og rundt år 1100 vart Kinn kyrkje bygd. Ho er plassert heilt ute ved havet. K

Type:
Kulturhistorisk landskap

Coordinates:
61.52°N, 4.90°E

Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.