Grip kulturmiljø
Kulturmiljø in Norway
I mellomalderen var Grip eige av biskopen i Nidaros. På 1700-talet var det kjøpmannsstanden i Kristiansund som rådde grunnen. Kulturmiljøet på Grip har for ettertida ein høg maritim referanseverdi. I regional delplan for kulturminne er øya Grip framheva når det gjeld bygningsvern. Grip stavkyrkje er frå seinmiddelalder og er automatisk freda som nasjonalt viktig kulturminne. Stavkyrkja som er ei av tre stavkyrkjer i Møre og Romsdal vart reist i ein periode i mellomalderen med låg aktivitet knytt til bygging av nye kyrkjebygg. Grip har lange tradisjonar som fiskevær. Kulturmiljøet som omhandlar fiskerihistoria til øysamfunnet er vektlagt til å ha ein nasjonal verneverdi. Vernekriteria er basert på eit maritimt kulturmiljø. Staden er eit godt bevart fiskevær med eit tettbygd trehusmiljø. Fiskeværet må sjåast i samanheng med at ein innanfor dei førmoderne fiskeria med åremakt og råsegl var avhengig av å ha kortast mogleg veg ti dei rikhaldige fiskefelta. Difor vart Grip i mellomalderen etablert som fiskevær. Utkomme av fiskeria og ei rekkje funksjonar knytt opp mot fiskeria var i historisk tid det sentrale innan livberging og inntekt hjå kystbefolkninga. Det vart mellom anna tørka klippfisk på bergarealet på øyane, og tilreisande sesongfiskarar vart innlosjert under skreifiskinga på seinvinter og vårparten. I tillegg kan det nemnast at Grip har bevart stavkyrkje, losstasjon og fyr
- Type:
- Kulturmiljø
- Coordinates:
- 63.22°N, 7.59°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.