Hellesylt tettstad kulturmiljø
Kulturmiljø in Norway
Regional delplan for kulturminne vektlegg at Hellesylt som kulturmiljø omfattar at staden er ein handelsplass med preg av å vere ein eldre tettstad med trehusmiljø. Denne tettstadstrukturen gjekk frå sjøfronten og vestover i skråninga i retning kyrkja. Historiske foto viser at tettstaden Hellesylt alltid har nytta delar av elvedeltaet som byggegrunn for vidare tettstadvekst. Såleis er dei stadig større utfyllingane langs den opphavlege sjøfronten i søraustleg retning eit framhald av ein praksis som tettstaden har hatt frå starten av. Foto frå 1960-talet viser at utfyllinga på elvedeltaet skyt fart. Store flater vert etablerte i søraust for den opphavlegetettstaden som låg på den mest stabile delen av deltaet i nordvest inntil foten av Hellesyltfossen. Landvinninga etter 1960 går gradvis i retning av deltaet til Bygdeelva. Veglina Bygda er å rekne som eit spor etter den opphavlege sjøfronten Hellesylt hadde. På Hellesylt i Stranda kommune er det registrert ei lang rekkje kulturminne som enkeltminne. Ein kan her nemne: dyrkingsspor – dyrkingsflate frå før romersk jarnalder som kan ha omhandla beitebruk. Moglegvis er dyrkingsflata nord for Bygdaelva i si tid svidd og rydda for å fremje ei ekstensiv dyrking i form av låg manuell arbeidsinnsats med tilsvarande låg avkastning av grøde frå jordarealet. Noko som var rett vanleg i tidleg jordbruksdrift utan mekanisk og teknisk basert ar
- Type:
- Kulturmiljø
- Coordinates:
- 62.09°N, 6.87°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.