Øvre Sunndal
Kulturhistorisk landskap in Norway
Øvre Sunndal er eit landskap med høge fjell og bratte lier. Her er vide vidder og djupe juv, grusterrassar og breie dalar. Fire fossar stuper ned i Jenstadjuvet og renn saman i Åmotan. Kring Hælfjellet møtest fleire elvedalar. I dei artsrike dalføra ligg gardsbruk, beiteområde og setergrender. Nokre av gardsbruka er blant dei høgstliggande i fylket. Dei første spor etter menneske i Øvre Sunndal finst ved Litlvatnet i torgrøvudalsbotnen. Her, om lag 1100 moh, er det funne restar etter ein buplass frå steinalderen. Buplassen har truleg vore i bruk i sommarhalvåret, i samband med jakt og fangst på reinsdyr. Vest for Hælfjellet, mellom Hafsås og Røymoen, ligg eit anlegg med om lag 20 jordgravne fangstgroper. Anlegget er blant dei største i fylket og sperrar av heile dalføret. Det er også funne fangstanlegg mellom Storvatnet og Fiskbuvatnet i Grødalen og i fjellområda omkring, både i form av bogesteller og dyregraver. Fangstanlegga er vanskelege å datere, men kan ha vore i bruk så tidleg som i steinalderen. Anlegga kan også ha vore nytta i fleire fasar. I fjellområda er det gjort funn av piler og andre gjenstandar både frå bronsealder, jarnalder og mellomalder. Det er likevel lite truleg at det finst nokon samanheng mellom dei førhistoriske fangstanlegga og den eldste gardsdrifta her. Nyare undersøkingar tyder på at bruka ikkje vart rydda før etter reformasjonen. Dermed kan vi rekne
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 62.49°N, 8.97°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.