Byfjellene, bynært rekreasjonslandskap

Kulturhistorisk landskap in Norway

Skildring Landskapet strekkjer seg frå Vetrlidsalmenningen i vest til Blåmanen og Rundemanen i aust og frå Sandviksfjel-let i nord til Svartediket i sør. Landskapet er i vesentleg grad omforma frå eit snaubeita lågfjellslandskap til eit skogkledt rekreasjonslandskap. Dei omfattande formingsgrepa vart sett i verk av leiande folk i byen som gjennom foreiningane «Bergens skog-og træplantingsselskap» og «Ølklubben» realiserte eit ambisiøst filantropisk prosjekt i Byfjellene i dei siste tiåra av 1800-talet. Argumenta var forankra i natursvermeri og folkehelse. Dei viktigaste verkemidla var skogplanting og bygging av turvegar i dei store, bynære utmarkseige-domane som planmessig vart tileigna prosjektet i tiåra etter stiftinga. Det kom forbod mot sau og geit i Byfjelle-ne i 1878. Landskapet er i dag meir prega av planting i bynære delar, medan dei fjernare og høgre delane ved Blåmannen og Rundemannen har eit snauare høgfjellspreg. Det er varierte plantefelt med eit inntrykk av park over mykje av det bynære landskapet. Store deler av dette området er skogkledt, og nokre av dei største trea i landet skal stå i Byfjellene. Plantinga er tilpassa terrenget og jordsmon-net. Heimehøyrande vegetasjon står jamsides eksotiske artar. Frå byen er det anlagt turvegar inn i det opparbeida skoglandskapet, frå Fjellveien, Vetrlidsalmenning, Forskjønnelsen, Svartediket og Sandviken som alle er innfal

Type:
Kulturhistorisk landskap

Coordinates:
60.41°N, 5.34°E

Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.