Rosendal. Møtestad og baroni i rikt jordbrukslandskap med alpine omgjevnader
Kulturhistorisk landskap in Norway
Den sentrale delen av bygda Rosendal ligg på morene-terrasser ned mot Hardangerfjorden. Eit særmerkje ved området er dei alpine kystfjella kring bygda. Hattebergel-va og Melselva kjem ned dalføra mellom fjella, gjennom terrassane i bygda, og renn saman og gjennom tettsta-den Skålafjøra. Landskapet har bydd på gode vilkår for busetnad, og her er store jordbruksareal på ein vid strandbrem, men det er òg mykje prega av ras i frå fjella rundt. Utmarksressursane i Skåladalen, Melsdalen med Myrdal og Muradalen har vorte nytta fram til nyare tid. Stølsdrifta heilt opp til Øvre Myrdal under dei alpine fjella sør og aust syner eit omfattande system tilpassa krevjande omgjevnader. Naustrekkja ved Myrdalsvatnet fortel òg om eit verdfullt fiske. Dei kulturhistoriske elementa i landskapet byrjar alt i steinalderen med sine fangstbuplassar. Området frå Seimsfoss til Løfallstrand har buplassar like så gamle som i ytre strøk. Garden Skåla sentralt i bygda har spor etter meir eller mindre fast busetnad frå alle fasar gjennom forhistoria. Det er dei solvarme sørvestvendte liene som har vore attraktive i all tid. Dei arkeologiske spora spenner vidt og viser ei markert auke i bronse- og jernalder og inn i mellomalderen. Her er rike grav- og skattefunn, og fleire langskipstufter i bygdene kring Rosendal vitnar om organisert makt her alt i eldre jernalder. Den største gravhaugen på Folge-fonnhalvøya
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 59.99°N, 6.04°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.