Fitjarøyane. Lyngheilandskap, maktsete og handel i leia

Kulturhistorisk landskap in Norway

Landskapet ligg nordvest for Stord, med Selbjørnsfjor-den i nord, Midtfjellet i aust, Stokksundet i sør og ope hav i vest. Sjøen er golvet i landskapsrommet og det som bind landskapet saman, og leia her tek ein forbi Stord og dei mange Fitjarøyane. På Stord og på Fitjarøyane er det gode hamner med strategisk plassering. Øyane er låge og lyngkledde, og dei har rikt tilfang av kulturminne med stor tidsdjupne som vitnar om den rike kulturhistoria i områda her ved leia. Her er småbruk, torvmyrar, vente-stader, naustmiljø og privilegerte handelsstader. Staden Fitjar aust om leia har store, dyrkbare område og god tilgang til vatn. Saman med den strategiske posisjonen ved leia gav dette grunnlag for at eit maktsete kunne vekse fram. Busetnad i området tok til i steinalderen, ved dei mange matrike straumane mellom Fitjarøyane. I bronsealderen busette folk seg lenger aust, dei første gardane der låg i skråningane frå Fitjar sentrum til Rimbareid i sør. Rike funn og storslagne gravrøyser som flankerar leia forbi staden Fitjar, vitner om at der truleg var gardar med stormenn alt i bronsealderen. Busetjinga på Fitjarøyane har i lang tid hatt kombinert næringsgrunnlag av fiske og jordbruk. Lyngbrenning gav beite for utegangarsau og torvuttak i myrane gav brensel. På øyer og holmar, ved viker og sund, ligg små bruk ikkje langt frå naust og kai. Landskapet på Fitjarøyane er i dag sterkt prega

Type:
Kulturhistorisk landskap

Coordinates:
59.90°N, 5.13°E

Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.