Ytre Sørfjorden. Fruktdyrkingslandskap
Kulturhistorisk landskap in Norway
Ytre Sørfjorden er eit rett fjordløp i Hardanger med lier som stig jamnt frå sjøen til fjellet. I aust ligg Hardanger-vidda, i vest ligg Folgefonna og lågfjellet mellom Sørfjor-den og Jondal. Det går ferdselsvegar frå fleire stader ved sjøen, vestover fjellet til Jondal og inn på Hardangervid-da i aust. Gardseigedomane går frå fjord til fjell. Nedst ved fjorden ligg stø, naust og gjerne kai, i den best tempererte sonen ligg det frukthagar, andre stader er det bøar. Arealet med frukttre er svært stort i norsk samanheng, der det ligg som eit mest samanhengande belte på begge sider av fjorden. Mange gardstun ligg ved vegen, og enkelte stader ligg det eit øvre tun høgre opp i lia. Eit tydeleg trekk ved byggeskikken langs etter fjorden er dei høgreiste laftehu-sa i sveitserstil med vide skifertak. Høgt opp i liene ligg det vårstølar, og på randen av liene har mange eldre bruk eggestølar (langstølar). Yngre bruk har gjerne partar i steinbuer til jakt, fangst og støling inne på vidda. Det går vegar og sleper til fjells og bind saman desse mangesyslar-bruka. Det freda klyngetunet Agatunet var eit gamalt høv-dingsete, og gravhaugar tyder på svært tidleg busetnad. Tunet ligg trygt for ras under Tveitaberget. Garden var av dei største i Hardanger i mellomalderen og har vore knytt til fleire vestlandske adelsætter. Her ligg Lag-mannsstova frå om lag 1220-1230. Det har i lang tid vore høvdi
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 60.30°N, 6.62°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.