Indre Sørfjorden. Kraft- og industrilandskap
Kulturhistorisk landskap in Norway
Landskapet der dalen møter fjorden er trongt mellom høge fjell, der høgtliggjande vatnsystem ligg i fjelldalane ovafor. Fjorden er isfri, og elva Opo renn ut i fjordbot-nen der strandstaden Odda ligg. Her var ein naturleg ferdselsveg sørover til pilegrimsmålet Røldal. Kyrkja på Almerket, nede ved fjorden, er frå 1870, men her har vore kyrkje sidan 1250. Ho er eit samlande element i landskapsrommet. Lenger oppe i dalen, aust for elva Opo, ligg nokre få tun som vitnar om det gamle bonde-samfunnet i Odda. Strandstaden Odda var rundt 1900 det mest vitja turist-målet i landet. Reisemåla var dei mektige fjella og fossa-ne, som Tyssestrengane og turen til Dalen i Telemark. Av denne travle strandstaden er eit konsentrert bygnings-miljø att ved Brotateigen og traséen til ferdselsvegen til Røldal. Tidleg på 1900-talet var kraftpotensialet i fjellet og den isfrie hamna perfekte vilkår for bygging av eit heilt industrisamfunn i fjordbotnen. Oppdemming av Tyssovassdraget og kraftstasjonane i Tyssedal gav straum til kraftintensiv industri i Tyssedal og Odda og seinare på Eitrheimsneset. Gjennom store og integrerte strukturar har industrien lagt beslag på mykje av dei sentrale areala i Odda og Tyssedal. Kring industrianlegga er det bygd heile samfunn. Fleire element i industrisamfunna Odda og Tyssedal har nasjonal og internasjonal kulturminneverdi, og høg arkitektonisk verdi. Tveitahaugen i T
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 60.10°N, 6.61°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.