Eidfjord. Jernvinneanlegg, gravminne, ferdselsvegar

Kulturhistorisk landskap in Norway

Bygdene i Eidfjord er fjordmøtet på vegen mellom aust og vest. Landskapet i Nedre Eidfjord er prega av dei to grusterrassane Lægreid og Hæreid. Landet heva seg då isen trekte seg tilbake, og eit eid løfta seg mellom fjorden og vatnet, difor stadnamnet Eidfjord. Elva Eio delte eidet i to, eit høgtliggjande og eit lågtliggjande – Hæreid og Lægreid. Dei to grusterrassane isen la att ligg i relieff mot steile fjellsider som fører landskapet vidare opp mot bygda Øvre Eidfjord. Herfrå går gamle vegar opp Må-bødalen og Hjølmodalen til store og viktige ressursar i fjellet og vidare til Austlandet. Tilgang til dei rike og varierte ressursane i fjellet har vore viktig for folk på Vestlandet heilt sidan steinalderen, noko samanhengen mellom fangstbuplassar i fjellet og steinalderfunn langs den fortidige strandsona ved fjorden viser. Talrike forhistoriske spor etter jernutvinning i fjelldalane kan etter alt å døme knytast til ei jernalderbusetting i Eidfjord med ein sentral posisjon i Hardanger. Rike grav-minne både i Øvre Eidfjord og på terrassane ved fjorden ber bod om dette, der gravfelta på Hæreidterrassen står i ei særstilling i Noreg, med hundrevis av gravrøyser frå eldre- og yngre jernalder. Jernvinneanlegga frå jernalde-ren på Fet i Sysendalen og ved vassdraga Berdølo og Veig er framståande i nasjonal samanheng. Jernvinneanlegga ligg i dalføra ned frå høgfjellet, der det har vore t

Type:
Kulturhistorisk landskap

Coordinates:
60.41°N, 7.15°E

Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.