Den Indre Farleia
Kulturhistorisk landskap in Norway
I enden av den geologiske formasjonen Bergensboga-ne ligg eit langstrakt landskap som strekkjer seg mot nordvest. Det er rivna i talrike låge landtunger og øyar. Området strekkjer seg frå Alversund til Kjelstraumen, og frå Hundvin i Lindås til nordvest om Mjøs på Radøy. Her er mildt kystklima og vekslande vilkår på land, frå skrint jordsmonn til større avsetningar av fruktbar, sjølv-drenerande jord. I sjøen er det rike og sterke straumar. Ei heilårsopen farlei fører frå Alverstraumen, gjennom den vidare Lurefjorden og ut Kjelstraumen i Austrheim. Dei rike saltvasstraumane har gjeve grun-nlag for meir permanent busetnad i steinalderen, og her byrja ein tidleg med jordbruk. Den rike funnstaden Fosnstraumen nord om Mjøs, der brua i dag forbind Radøy og Fosnøya, er mellom dei mest framståande døma på tidleg perma-nent busetnad i landet. På Straume, like ved, er det funne om lag 4500 år gamle pollen av korn som vitnar om bufast kombinasjonsbruk av jordbruk og fiske. Eit kultivert lyngheilandskap har breidd seg over mykje av området, særleg i utmarkene i ytre strøk der det er mykje skrinn jord. Lyngheiene på Lygra er eit markant landskapselement med stor tidsdjupne og representerer eit av dei tre nasjonale referanseområda for lyngheilandskap. Landskapet er framleis prega av lite trevekst i ytre strøk og har store myrer der ein har henta brensel. Det skogfattige landskapet er eit av k
- Type:
- Kulturhistorisk landskap
- Coordinates:
- 60.71°N, 5.07°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.