Verdensarven Vestnorsk fjordlandskap, Geirangerfjorden
Verdensarv in Norway
Verdsarven Vestnorsk fjordlandskap omfattar Geirangerfjorden i Møre og Romsdal og Nærøyfjorden i Sogn og Fjordane. Dei to spektakulære fjordområda ligg 120 km frå kvarandre og er eksempel på klassiske fjordlandskap i geologisk tyding. Dei viser utviklinga av landskapet frå siste istid og fram til i dag. Begge områda er døme på unge, aktive isbrelandskap. Spor i landskapet viser at fjordområda har vore brukte av menneske sidan isen trakk seg tilbake for 10 000 år sidan. På små flater langs fjordane ligg gardsbruk, og på berghyllene over fjorden ligg fjellgardar. Dei fleste av dei er no fråflytta. Gardane ligg på stader som gir vern for snø- og steinras. Bosettinga viser at det har vore drive eit nøysomt jordbruk tilpassa ein farefull, men samstundes rik natur. Fleire av dalane i fjellet har setre. Områda er lite påverka av menneske. Utanfor tettbygde stader er det få synlege tekniske inngrep som til dømes kraftledningar mellom brear, snaufjell og fjord. Geirangerfjorden og Nærøyfjorden er difor dei største urørte fjordlandskapa i Noreg. Geirangerfjordområdet Inn mot vasskiljet deler Storfjorden seg i tre storfelte fjordarmar. Tafjorden, Sunnylvsfjorden og den slyngande Geirangerfjorden utgjer tyngdepunktet i det nordlege delom- rådet. Her har samspelet mellom is, berggrunn og fossande vatn forma eit fjordlandskap med unike kvalitetar. I dei alpine fjellområda som skil fjordane l
- Type:
- Verdensarv
- Coordinates:
- 62.19°N, 7.28°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.