Mjeldalen
Kulturmiljø in Norway
Kulturmiljøet Mjeldalen er her definert ut frå gard 52, 53 og 54: Mjelde øvste, Mjelde midtre og Mjelde nedre. Den breie, austvende Mjeldalen opp frå fjorden ved Haus er det rikaste jordbruksområdet på Osterøy, og det er funne fleire fornminner i området. Mjeldegardane er mellom dei eldste på øya. Her var det sete for leidangen og seinare tingstad for Mjelde skipreide. Her vart kyrkja bygd, og Mjeldegardane har vore både kongegods og kyrkjegods før dei kom i bondeeige. Langt dei fleste av dei husmennene som fanst på Osterøy, var samla kring desse gardane. Frå mellomalderen var Mjelde eit eige kyrkjesokn, under Haus prestegjeld. Det var ei kyrkje i Mjeldalen fram til siste halvdel av 1800-talet. Busettinga i dalen er tradisjonelt delt i tre delar; Øvre-, Midt- og Nedre-Mjelde. På Øvstemjeldshaugen låg det gamle klyngetunet i Øvre Mjelde. Det strekte seg langs den flate morenen som vart kalla "Torget". Kvar jordeigar hadde sine småteigar spreidd over heile garden, kvernhusa låg langs elva, og smiene låg på haugen bakom. Det var utskifting i Øvre Mjelde i 1899 -1900, men det står enno att spor frå tida før utskiftinga, mellom anna ei geil, og murar etter sauefjøs og vårflor. Ei bru over elva skil Øvre- og Midt Mjelde. I eldre tider hadde kyrkja sitt hovudsete i Midt Mjelde, med kapellangard, klokkargard og to bustader for preste-enker; såkalla «enkesæter». På Midt Mjelde går hovud
- Type:
- Kulturmiljø
- Coordinates:
- 60.46°N, 5.53°E
Explore this and over 1.8 million other heritage records on Fornland, the free map of cultural heritage across northern and central Europe.